Korona

Informasjon om ulike tiltak i samband med koronapandemien for både elevar, studentar og deg som betaler på studielånet

Stikkontroll av om du har hatt nedgang i inntekt

I november ber Lånekassen eit tilfeldig utplukk av studentar og elevar som fekk tilleggslån korona, om å dokumentere at dei har hatt nedgang i inntekt på grunn av koronasituasjonen.

Omgjering av tilleggslånet skjer etter planen til våren

Våren 2020 fekk studentar og elevar som tapte inntekt på grunn av koronapandemien, tilbod om eit tilleggslån. Delar av dette lånet kan bli gjort om til stipend.

8 000 kroner av tilleggslånet kan bli gjort om til stipend

Studentar og elevar som kan dokumentere at dei hadde nedgang i inntekt på grunn av koronasituasjonen i heile eller delar av perioden mellom 1. mars og 15. juni 2020, kan på eit seinare tidspunkt få 8 000 kroner av tilleggslånet gjort om til stipend.

Vanlegvis får berre studentar som bur borte gjort om lån til stipend. Dette kravet gjeld ikkje for tilleggslånet, og du kan derfor få gjort om 8 000 av tilleggslånet til stipend uansett om du bur borte eller heime med foreldra dine i perioden.

Du skal ikkje sende inn dokumentasjon no, men vi kan be deg om det seinare. Dette kan for eksempel vere dokumentasjon på permittering, oppseiing, lønnsinntekt og stadfesting på endra stillingsprosent.

Kva blir rekna som ein nedgang i inntekt?

Dersom du for eksempel var permittert, fekk færre vakter enn tidlegare avtalt, eller blei oppsagt frå ein lønna deltidsjobb på grunn av koronasituasjonen, kunne du søke om tilleggslånet. Det avgjerande er at du på grunn av koronasituasjonen tente mindre enn planlagt i perioden mellom 1. mars og 15. juni 2020.

Det er ikkje eit krav at du mista all inntekt i perioden mellom 1. mars og 15. juni 2020. Du kunne søke om lånet dersom du berre hadde nedgang i inntekt i delar av perioden.

Koronatiltak for studentar i utlandet

Alle elevar og studentar som bur heime hos foreldra sine hausten 2020 på grunn av koronapandemien, blir rekna som bortebuarar heile haustsemesteret.

Bur du heime i haustsemesteret på grunn av koronapandemien?

Alle elevar og studentar som fekk lån og stipend som bortebuarar, men som måtte flytte heim til foreldra sine på grunn av koronapandemien våren 2020, blir rekna som bortebuarar resten av semesteret.

Dei same unntaksreglane gjeld også for hausten 2020, men berre for studentar i utlandet.

No foreslår Kunnskapsdepartementet at unntaksreglane skal gjelde også for våren 2021, og forslaget til forskriftsendringar er sende på høyring.

Les meir om høyringa på regjeringen.no.

Hugs å stoppe trekket på avtalegiro

Dersom du får utsett betaling for ei rekning, må du sjølv hugse å stoppe avtalegiroen. Dersom du ikkje stoppar avtalegiroen blir rekninga automatisk betalt.

Ekstra betalingsutsettingar på grunn av koronasituasjonen

Du kan utsette rekningar ut 2020 utan å bruke av den faste kvoten på 36 utsettingar

Alle kan søke om å utsette betaling av rekninga

Du søker om betalingsutsetting på Dine sider, og du treng ikkje å grunngi kvifor du søker, eller å sende inn dokumentasjon.

Dette gjeld også om du har brukt opp dei 36 betalingsutsettingane dine, eller om du har fått avslag på ein søknad om betalingsutsetting fordi du allereie har brukt opp dei 36 betalingsutsettingane dine.

Kundar med oppsagt lån kan også få betalingsutsettingar. Les meir om oppsagde lån.

Gjeld rekningane i perioden mars til desember 2020

Dei ekstra utsettingane gjeld for rekningane i perioden mars til desember 2020, men du kan berre søke om utsetting av rekningar du ikkje har betalt.
Du bruker ikkje av dei 36 vanlege betalingsutsettingane i perioden mars til desember 2020

Dersom du søker om utsetting for nokon av forfalla i perioden mars 2020 til desember 2020, vil desse ekstra utsettingane også gjelde for deg – og du «et» ikkje av dei 36 utsettingane dine ved å søke.

Du betaler meir i renter når du utset betalinga

Når du utset ei betaling, forlenger vi nedbetalingstida di. Det fører til at du må betale meir renter samla sett, enn om du ikkje utset betalinga. Utset du ei rekning, utvidar vi nedbetalingstida med ein månad. Utset du to rekningar, utvidar vi med to månader, og så vidare.

Betalingsplanen din blir oppdatert på Dine sider for kvar gong du får ei utsetting.