Hjelp og kontakt

Veileder frister

Hendingar

Vedtak om omgjering for fullført grad

20.11.2020
No sender vi ut vedtak om omgjering for fullført grad til ca. 26 000 kundar. Dette vedtaket gjeld berre omgjering for hausten 2019. Dersom du besto graden din i vår, må vi vente på informasjon om inntekt og formue for 2020 frå skatteetaten, før lånet du fekk i våren 2020 kan bli gjort om til stipend.

Spørsmål om stipend og lån

Du må signere avtalen om støtte og registrere eit gyldig kontonummer på Dine sider.


I tillegg må lærestaden din gi oss beskjed om at du er aktiv student eller elev. Er du elev på vidaregåande må skolen gi oss beskjed om at du har møtt opp på skolen. Er du student på høgare utdanning er det nok med melding frå lærestaden om at du har betalt semesteravgift eller at du har meldt deg opp til eksamen.

Når du har oppfylt vilkåra for å få utbetalt pengane, overfører vi dei. Det vil ta 2-3 dagar frå vi utbetaler pengane til du har dei på din konto. Deretter får du ei utbetaling den 15. kvar månad resten av semesteret dersom du studerer i Noreg. Studerer du i utlandet, får du utbetaling for heile semesteret med den første utbetalinga.

Når du er under 18 år er det ein av foreldra dine (ev. verje) som skal signere på dine vegne. Begge foreldra får tilsendt avtalen enten i digital postkasse (Digipost eller E-boks) eller som brev i posten, men det er nok at éin av dei signerer avtalen. Foreldre signerer digitalt i tenesta Foreldresignering med BankID eller tilsvarande. Dersom du er under 18 år og har søkt om lån i tillegg til stipend skal du signere avtalen saman med éin av foreldra dine.

Når du er over 18 år skal du signere avtalen sjølv. Det gjer du ved å logge inn på Dine sider og finne avtalen som skal signerast. Du må bruke BankID eller tilsvarande for å signere digitalt.

Dersom du ikkje får til å signere, kan du oppdatere til nyaste versjon av nettlesaren eller bruke ein annan nettlesar.

Spørsmål om gjeld og betaling

Lån blir gjort om til stipend året etter du tok eksamen. Årsaka er at vi venter på inntektsopplysningar frå skatteetaten for året som er gått.

Vi begynner å sende ut vedtak om omgjering i juni, og sender ut vedtak gjennom sommaren. Nokre får vedtaket sitt i juni eller juli, medan andre må vente lengre.

Alle kan utsette betalinga inntil 36 gonger, som tilsvarer tre år. Du treng ikkje å forklare kvifor du vil ha betalingsutsetting.

Dersom du bruker opp dei 36 utsettingane, kan du ikkje utsette fleire rekningar med mindre du har rett til å få sletta renter.

På grunn av koronasituasjonen kan du få utsett betalinga frå mars 2020 til og med desember 2020, utan at du bruker av dei 36 betalingsutsettingane.

Lånet ditt er rente- og avdragsfritt så lenge du får støtte til fulltidsutdanning frå oss. Får du ikkje lenger støtte til fulltidsutdanning, blir lånet rentebærande og du må begynne å betale etter ein betalingsfri periode på omtrent sju månader. Det gjeld både om du avsluttar eller avbryt utdanninga di, om du går over til deltidsutdanning eller om du studerer utan støtte frå Lånekassen.

Du får ein betalingsplan frå oss når du skal begynne nedbetalinga.

Kontakt oss

Kundesenteret vårt har ope på kvardagar frå 09-15. Kontakt oss på telefonnummer

+ 47 21 49 60 00

Du kan også sende oss e-post frå Dine sider.

Postadresse for kundepost

Lånekassen har ei felles postadresse for alle kundebrev

Lånekassen
Postboks 450 Alnabru
0614 Oslo

Behandlingstid

Søknader om lån og stipend til utdanning som må bli behandla av ein saksbehandlar, har for tida 8 ukers saksbehandling.

Anna kontaktinformasjon

Dersom du opplever tekniske problem med Lånekassens tenester, vil vi gjerne at du melder frå om det til oss.

Du kan ikkje få svar på spørsmål om kundeforholdet ditt når du sender inn teknisk feilmelding.

Meld frå om tekniske feil

Foreldre må ha fullmakt når dei ringer for barn over 18 år

Ønsker du at foreldra dine skal ta kontakt med Lånekassen på dine vegne, må dei ha fullmakt dersom du er over 18 år.

For å gi fullmakt til foreldra dine må du sende oss anten:

  • ein e-post frå Dine sider, eller
  • ein faks til 21 70 43 80, eller
  • eit brev til Lånekassen, Postboks 450 Alnabru, 0614 Oslo

Bruk gjerne skjema for fullmakt.

Sentralbord

Du kan ikkje få svar på spørsmål om kundeforholdet ditt når du ringer sentralbordet eller sender e-post

+47 21 70 40 00 (mandag–fredag kl. 09.00–15.00)

E-post om administrative spørsmål eller meldingar.

Sentralbordnummeret og e-postadressa skal berre brukast til kontakt om leverandørfakturaer, anskaffingar, jobbsøknader eller andre saker som ikkje gjeld enkeltkundar.

Dokumenter

Dokument som gjeld anskaffingar og annan administrativ kontakt, , sendast til:

Statens lånekasse for utdanning
P.B. 191 Økern
0510 OSLO

Fakturaadresse

Fakturaer sendast til:

Lånekassen
Fakturamottak DFØ
Postboks 4746
7468 Trondheim

Kontoradresser

  • Bergen: Bradbenken 1
  • Oslo: Fyrstikkalleen 1
  • Stavanger: Lagårdsveien 44
  • Tromsø: Sjøgata 2
  • Trondheim: Brattørkaia 12
  • Ørsta: Vikegata 25

Vi har ikkje kundemottak på kontoradressene

Arbeidsflata for lærestader

I arbeidsflata skal du:

  • stadfeste opplysningar i søknader
  • registrere oppmøte
  • melde frå om avbrot

Logg inn arbeidsflata

Telefon for tilsette ved lærestader

+47 21 49 25 50 (mandag–fredag kl. 09.00–15.00)

Postadresse

Statens lånekasse for utdanning
P.B. 191 Økern
0510 OSLO

Har du problem med innlogging eller signering av avtale om støtte?

Innloggingsløysninga vår er ID-porten, som ikkje er drifta av Lånekassen. Har du spørsmål om innlogging eller signering, kan du ringe Digitaliseringsdirektoratet på telefonnummer

+47 80 03 03 00 (kvardagar 08-15.30).

Foreldresignering

Skal du signere avtale om støtte for eit barn under 18 år, kan du gå til foreldresignering.

Kontonummer og KID

Rekningen inneheld all informasjon du treng for å betale. Hvis du ikke finner rekningen skal du bruke dette:
  • Kontonummer: 6345.05.08715
  • KID-nummer. Det er alltid det same, og du finn det på Dine sider og på rekningene.
  • Terminbeløp. Dette finn du på Dine sideren og på Dine sider