Om Lånekassen

Lånekassen er eit statleg forvaltningsorgan, underlagt Kunnskapsdepartementet. Vårt formål er å gjere utdanning mogleg.

Vi gjer utdanning mogeleg

Lånekassen blei etablert i 1947 som eit verkemiddel for å gjere høgare utdanning tilgjengeleg for alle samfunnslag.

Lånekassen er både ein bank og ein del av velferdsstaten. Sidan opprettinga har vi tilbydt lån og stipend til elevar og studentar, i den hensikt å gi alle norske borgarar tilgang til utdanning, uavhengig av bakgrunn.

Vi skal bidra til å gjere utdanning mogleg for alle

Vårt samfunnsoppdrag er å forvalte utdanningsstøtteordningane som er fastsett av Stortinget, slik at dei bidrar til

  • like moglegheiter til utdanning uavhengig av geografiske forhold, alder, kjønn, funksjonsdyktigheit, økonomiske og sosiale forhold
  • å sikre samfunnet og arbeidslivet tilgang på kompetanse
  • at utdanninga skjer under tilfredsstillande arbeidsforhold, slik at studiearbeidet kan bli effektivt

Lånekassen er ei digital verksemd

Sidan 1980-tallet har vi satsa på digitalisering og massehandtering av søknader for å sikre effektiv forvaltning av ordningane for utdanningsstøtte. I dag har elevar, studentar og tilbakebetalarar heildigital dialog med Lånekassen. Tre fjerdedelar av søknader om stipend og lån blir behandla utan at eit menneske må vurdere dei.

På grunn av den digitale satsinga kan ein liten organisasjon som Lånekassen med drygt 300 faste tilsette forvalte kundeforhold med over 1,1 millionar kundar.

Lånekassen sin strategi
PDF
Jobb i Lånekassen
Rammevilkår frå KD

Organisasjonen

Lånekassen er eit statleg forvaltningsorgan underlagt kunnskapsdepartementet.

Lånekassen blir leia av eit styre oppnemnd av Kunnskapsdepartementet. Styret består av åtte faste medlemmer, der to er elev- og studentrepresentantar og to er tilsettrepresentantar. Styret skal, på vegne av departementet, følge opp verksemda og kontrollere at Lånekassen utfører oppgåvene sine i samsvar med departementets styringssignal og retningslinjer.

Organisering

Lånekassen har hovudkontor i Oslo og regionkontor i Bergen, Stavanger, Trondheim og Ørsta.

Vi er organisert i følgande avdelingar og stabar:

  • Stab for styring og organisasjonsutvikling
  • Kommunikasjonsstab
  • Saksbehandlingsavdeling
  • Utviklingsavdeling
  • IT-avdeling
Leiinga
Styret
Klagenemnda
Personvernombodet
Årsrapportar