Tilgjengelegheit og universell utforming

Ny.lanekassen.no er utvikla i tråd med forskrift for universell utforming av IKT og rammeverket WCAG 2.1.

Ny.lanekassen.no skal vere tilgjengeleg for brukarane uavhengig av funksjonsevne og utan spesialtilpassningar.

W3C-standardar

Ny.lanekassen.no er basert på W3C-standardar og retningslinjer som HTML5, CSS3 og Web Content Accessibility Guidelines (WCAG) 2.1 (nivå AA). Dette er gjort for at funksjonalitet og innhald skal være tilgjengeleg for alle i dei mest brukte nettlesarar, skjermlesarar og forstørringsprogramvare i den norske marknaden.

Innhaldet er tilgjengeleg på desktop og mobile einingar ned til 320 px bredde.

Nettstaden er koda slik at det er mogleg å få lese opp tekst ved hjelp av skjermlesar, og forstørre eller forminske tekst. Fargekontrastar er i samsvar med WCAG 2.1, overskrifter følger ein logisk struktur og bilete er merka med alternativ tekst.

Det er mogleg å navigere i nettstaden ved hjelp av tastatur.

Tekstar er skrivne etter prinsippa for klarspråk. Alle inputfelt skal ha tydeleg forklaring og hjelpe brukaren til riktig utfylling.

Status

Vi måler Digital Certainty Index ved hjelp av Siteimprove. Skåren for nye lanekassen.no er xxxx, måledat0 dd.mm.åååå


Unntak

Vi er i ferd med erstatte heile lanekassen.no. Fram til heile nettstaden er bytt ut, vil det vere enkelte prinsipp som ikkje er oppfylte på domenet lanekassen.no. Erklæringa gjeld nye.lanekassen.no.

Opplever du problem med tilgjengelegheit på nye.lanekassen.no?

Send oss ein e-post på webteknisk@lanekassen.no