Generelle vilkår for lån og stipend

Det er somme generelle vilkår du må fylle for å ha rett til lån og stipend frå Lånekassen.

Du kan få stipend og lån i til saman åtte år

Regelen gjeld sjølv om du har betalt ned tidlegare lån. Dersom du har fått lån og stipend frå offentlege ordningar i andre land, blir den perioden også rekna med i dei åtte åra.

Vidaregåande opplæring eller grunnskoleopplæring du har tatt med ungdomsrett, er ikkje rekna med i dei åtte åra. Du kan altså få lån og stipend i åtte år i tillegg til dei åra du tok vanleg vidaregåande.

Dersom du er forseinka i utdanninga fordi du blei sjuk, fekk barn, eller fordi du har ei funksjonshemming, kan du likevel få støtte i meir enn åtte år.

Du må ha opptak i ei utdanning som er godkjent

Alle studietilbod ved norske universitet og offentlege høgskolar er godkjente for lån og stipend, og også dei fleste private høgskolar, som for eksempel BI. Tar du ei utdanning du er usikker på om er godkjent for lån og stipend, kan du spørje oss eller sjå oversikta over akkrediterte institusjonar hos NOKUT.

Utanlandske statsborgarar

Hovudregelen er at du er norsk statsborgar og har tilknyting til Noreg.

Les meir om utanlandske statsborgarar og tilknyting til Noreg

Du kan ikkje vere over 70 år

Det er inga nedre aldersgrense for studielån. Men er du over 50 år, vil du få mindre stipend og lån, og er du over 70 år, kan du ikkje få stipend og lån.

Du kan ikkje ha mislighalde tidlegare studielån

Dersom du ikkje har følgt opp betalingspliktene dine på tidlegare studielån, eller har brote opplysningsplikta, er det ikkje sikkert du kan få stipend og lån igjen til meir utdanning.

Det er først når vi har behandla søknaden din om stipend og lån, at du får svar på om du kan få ny støtte.

Du kan ikkje vere meir enn eitt år seinka i utdanninga

Dersom du blir seinka med meir enn 60 studiepoeng eller tilsvarande, kan du miste retten til lån og stipend.

Les forskrift om utdanningsstøtte