Elev med barn

Gjeld for deg som går på grunnskole, vidaregåande skole eller er lærling, og har ungdomsrett

Har du barn og er elev i grunnskolen, vidaregåande skole eller er lærling med ungdomsrett, kan du få meir stipend og lån når du har barn.

I tillegg til utstyrsstipendet kan du få barnestipend, bortebuarstipend og inntektsavhengig stipend når du har eigne barn. Du kan også få eit tilleggslån dersom du er over 18 år.

Krav

Barna må bu hos deg minst 40 prosent av tida for at du skal få meir stipend og lån.

Barnestipend

Barnestipendet skal bidra til å dekke dei ekstra kostnadene du får når du har barn.
Satsen for 2020–2021 er 1 750 kroner i månaden per barn. Har du fleire enn to barn, er satsen 1 139 kroner for barn nummer tre og fire.

Bortebuarstipend

Når du har barn, får du bortebuarstipend enten du bur for deg sjølv, med ektefelle/sambuar, eller saman med foreldra dine. Du kan ikkje få bortebuarstipend dersom du samtidig får overgangsstønad eller andre stønader for å dekke livsopphald.
Bortebuarstipendet er på 4 603 kroner i månaden.

Inntektsavhengig stipend

For søkarar utan barn blir det inntektsavhengige stipendet behovsprøvd mot inntekta til foreldra. Men når du sjølv har barn, blir dette stipendet i staden behovsprøvd mot di eiga inntekt. Har du trygd, inntekt og formue under grensene, har du krav på inntektsavhengig stipend.

Trygd og inntekt

Barnestipendet og det inntektsavhengige stipendet blir redusert dersom du har trygd eller anna inntekt, for eksempel stønad som einsleg forsørgar eller lærlinglønn. Du kan sjekke grensene i forskrifta her.

Har du ein ektefelle eller sambuar, ser vi også på inntekta hans eller hennar. Tener ektefellen eller sambuaren din meir enn 34 329 kroner før skatt per månad, får du mindre barnestipend.

Tilleggslån

Du kan få inntil 50 000 kroner i året i tilleggslån når du er over 18 år og har barn, men avgrensa til 100 000 kroner totalt for dei åra du får lån. Du kan sjølv velje kor mange år du vil fordele dette beløpet over.

Dette lånet kan du få om du er lærling eller går på vidaregåande skole, men ikkje om du tar grunnskole.

Lånet må betalast tilbake når du er ferdig med utdanninga di.

Slik søker du

Det er ikkje ein eigen søknad for desse låna og stipenda. Når du søker om vanleg stipend og lån, vurderer Lånekassen automatisk om du kan ha krav på barnestipend og bortebuarstipend. Men du må sjølv velje om du også vil søke om tilleggslån.
Du treng ikkje å oppgi inntekta til ektefelle eller sambuar når du går på vidaregåande skole med ungdomsrett, den sjekkar vi sjølv.