Student med barn

Gjeld deg som tar høgare utdanning, fagskole, grunnskole eller vidaregåande utan ungdomsrett.

Barnestipend

Tilleggslån

Er du over 18 år og har barn under 16 år, kan du låne inntil 50 000 kroner i året, avgrensa til 100 000 kroner til saman for dei åra du får lån frå Lånekassen. Dette lånet kan du få same kva for utdanning du tar, med unntak av grunnskole. Tilleggslånet blir ikkje behovsprøvd og kan ikkje bli gjort om til stipend.

Er du over 30 år, kan du i nokre tilfelle få eit større tilleggslån.

Student med barn

Du som har barn, kan få ekstra lån og stipend. Hovudregelen er at barna er under 16 år, og at dei bur saman med deg minst 40 prosent av tida.

Ekstra lån og stipend kjem i tillegg til basislånet, som er det lånet alle studentar får. Du kan altså få både basislån, barnestipend, og tilleggslån samtidig.

Du kan få barnestipend så lenge du er student og får lån og stipend frå Lånekassen, til og med det året barnet fyller 16 år. Dersom begge foreldra er studentar, kan begge få barnestipend og tilleggslån samtidig.

Slik søker du

Det er ikkje ein eigen søknad for desse låna og stipenda. Når du søker om vanleg stipend og lån, vurderer Lånekassen automatisk om du kan ha krav på barnestipend. Men du må sjølv velje om du også vil søke om tilleggslån.

Ventar du barn?

I samband med fødsel eller adopsjon kan du få omgjort lån til stipend i inntil 49 veker.

Aktuelt regelverk