Fagleg forseinking

Gjeld ikkje for deg som tar vidaregåande eller grunnskole med ungdomsrett

Kva er forseinking?

Vi reknar deg som forseinka dersom du har fått lån eller stipend til ei utdanning du ikkje består.

Det betyr at dersom du stryk på eksamen eller avbryt utdanninga di før eksamen, blir du forseinka.

Du får ikkje gjort om lån til stipend for fag du ikkje består

Kor mykje av lånet ditt som blir gjort om til stipend, er blant anna avhengig av kor mange studiepoeng du består. Stryk du på ein eller fleire eksamenar, får du ikkje stipend for dei faga du ikkje bestod.

Tar du igjen forseinkinga innan fire år, kan du likevel få lån gjort om til stipend.

Blir du forseinka med meir enn 60 studiepoeng, får du ikkje meir lån og stipend

Eit vanleg studieår utgjer 60 studiepoeng om du studerer på fulltid. Dersom du etter kvart blir forseinka med meir enn 60 studiepoeng, mister du retten til lån og stipend frå Lånekassen. Då må du bestå så mange studiepoeng at forseinkinga igjen blir på 60 studiepoeng eller mindre, før du kan få meir lån og stipend.

Er du forseinka med mindre enn 60 studiepoeng, påverkar det ikkje kor mykje lån og stipend du kan få.

Du tar med deg forseinking frå tidlegare

Byter du utdanning, blir ikkje tidlegare forseinking nulla ut. Det som avgjer kor forseinka du er, er kor mange semester du har fått lån og stipend, i forhold til kor mange studiepoeng du har bestått sidan første gong du fekk lån og stipend.

Vi reknar ikkje med stipend til vidaregåande skole med ungdomsrett, men all anna utdanning er med.

Unntak frå hovudregelen om forseinking

Dersom du blir forseinka på grunn av sjukdom, fødsel eller nedsett funksjonsevne, blir du ikkje rekna som fagleg forseinka. Dersom du har blitt forseinka på grunn av koronapandemien, kan dette også reknast som eit unntak frå hovudregelen. Då kan du få både lån og omgjering til stipend, sjølv om du er forseinka med meir enn 60 studiepoeng.

Du må dokumentere årsaka til at du blei forseinka, for eksempel med legeerklæring. Dersom forseinkinga  skuldast koronapandemien, må du sende inn dokumentasjon som viser at det var koronapandemien som var årsaka til at du blei meir enn 60 studiepoeng forseinka.

Kor forseinka er eg?

Dersom du lurer på kor forseinka du er, må du først sjekke kor mange studiepoeng du har fått stipend og lån til å ta. Dette finn du i vedtaksbreva dine i postkassen på Dine sider. Deretter kan du sjekke kor mange studiepoeng vi har registrert på deg under "eksamensresultat".

Du kan også sende oss ein e-post der du ber oss rekne det ut for deg.