Inntekt og formue

Inntekta og formuen din har inga betydning for kor mykje lån du kan få, men er beløpa høgare enn grensene, får du mindre stipend.

VeilederInntektOgFormue

Behovsprøving av stipend

Har du inntekt eller formue over grensene, får du mindre stipend.

Kva er behovsprøving?

Behovsprøving betyr at det er inntekta og formuen din som bestemmer kor stort stipend du kan få.
Vi vurderer kor stort stipend du kan få opp mot fastsette grenser for inntekt og formue. Er inntekta eller formuen din høgare enn grensene, har du rett til mindre stipend.
Det er ulike reglar som gjeld for behovsprøving for elevar på vanleg vidaregåande skole og lærlingar, og for andre studentar, for eksempel i høgare utdanning.

Behovsprøving av stipend i vidaregåande opplæring

Går du på vanleg vidaregåande skole, sjekkar vi inntekta til foreldra dine dersom du søker om inntektsavhengig stipend. Foreldreinntekta har ikkje nokon innverknad på utstyrsstipendet eller bortebuarstipendet.
Har du eiga inntekt, har den heller ikkje noko å seie for stipendet ditt, med mindre du har trygd eller lærlinglønn.

Behovsprøving for studentar og andre som får basislån

Er du ikkje elev i vanleg vidaregåande skole, skjer behovsprøvinga først året etter at du har fått lån og stipend, når Lånekassen får opplysningar frå skatteetaten om årsinntekta og formuen din. Du får då eit vedtaksbrev om omgjering av lån til stipend, eventuelt omgjering av stipend til lån, når vi har kontrollert inntekta og formuen din.
Har du fått stipend fordi du er flyktning, har nedsett funksjonsevne eller har barn, blir heile eller delar av stipendet gjort om til lån dersom du har inntekt eller formue over grensene. Kor mykje av stipendet du får behalde, kjem an på kor høgt over grensa inntekta eller formuen din er.

Les også

Unntak frå inntektsgrensene for enkelte grupper i koronapandemien

Inntekt og formue avgjer også kor mykje av basislånet som kan bli gjort om til stipend. Basislån er det lånet alle studentar får. I utgangspunktet kan inntil 40 prosent av basislånet bli stipend dersom du er bortebuar og består eksamen. Har du inntekt eller formue over grensene, blir stipenddelen mindre.

Les meir om omgjering av lån til stipend

Aktuelt regelverk