Nedsett funksjonsevne

Informasjonen nedanfor gjeld ikkje for deg i vanleg vidaregåande opplæring med ungdomsrett.

Tilleggsstipend

Dersom du har nedsett funksjonsevne og derfor ikkje kan jobbe ved sidan av studia, kan du få eit tilleggsstipend.

Stipendet er på 3 834 kroner per månad, eller 42 174 kroner for eit heilt studieår dersom du har støtte i elleve månader. Studerer du på deltid, blir stipendet redusert ut frå kor mange studiepoeng du skal ta.

For å ha rett til stipendet må du vere i stand til å studere, men ikkje til å jobbe ved sidan av studia, fordi det i stor grad vil gå ut over studieprogresjonen din. Ein lege eller spesialist må bekrefte det i søknaden.

Du kan ikkje ha lønna arbeid i det heile tatt så lenge du får tilleggsstipendet.

Gå til søknaden om tilleggsstipend

Stipend og lån om sommaren

Kan du ikkje ha sommarjobb fordi du har nedsett funksjonsevne, kan du få stipend og lån i tolv månader.

Dette betyr at du får basislån og stipend etter dei vanlege satsane også om sommaren, sjølv om du ikkje studerer då. Du kan også få tilleggsstipendet for nedsett funksjonsevne om sommaren.

For at du skal ha rett til stipend og lån om sommaren, må du ha ei funksjonsnedsetting som hindrar deg i å ha eller få sommarjobb. Ein lege eller fagspesialist må bekrefte det i søknaden.

Du kan ikkje ha lønna arbeid i det heile tatt om sommaren når du får sommarstøtte, og du må fortsette med studiene hausten etter. Du får altså ikkje støtte om sommaren etter du er ferdig med utdanninga di.

Søknadsfrist

Fristen for å søke om stipend og lån for sommaren 2021 er 15. august. 

Gå til søknaden for sommaren

Har du blitt forseinka på grunn av nedsett funksjonsevne?

Dersom læringsmiljøet eller studiesituasjonen ikkje er tilpassa funksjonshemminga di, kan du i nokre tilfelle få basislånet som stipend medan du tar igjen forseinkinga.

Kan du dokumentere at du har blitt forseinka i utdanninga fordi skolen ikkje har tilrettelagt for deg, mister du ikkje retten til stipend og lån, sjølv om du blir forseinka med meir enn 60 studiepoeng. Då får du også basislånet som stipend i den perioden du bruker på å hente inn forseinkinga.

Vanlegvis kan du berre få lån og stipend i til saman åtte år. Men er du forseinka på grunn av nedsett funksjonsevne, kan du få lån og stipend i meir enn åtte år.

Slik søker du