Slik søker du om stipend til forseinking utover 60 studiepoeng og å få basislånet som stipend

Søk om vanleg lån og stipend først

Du må vere i ei utdanning som gir rett til stipend og lån, Søk om vanleg lån og stipend før du søker. 

Du må vere forseinka

For å ha rett til utvida støtte må du vere forseinka i utdanninga med meir enn 60 studiepoeng. Då har du i utgangspunktet mista retten til stipend og lån frå Lånekassen.

Du må ha blitt forseinka fordi du har nedsett funksjonsevne som lærestaden din ikkje har kunna legge til rette for.

Dokumentasjon

Legg ved stadfesting frå lærestaden din som viser at læringsmiljøet eller studiesituasjonen ved lærestaden ikkje var tilpassa funksjonsevna di.

Legg ved dokumentasjon frå Nav som viser at du ikkje får faste ytingar til livsopphald, som uføretrygd eller arbeidsavklaringspengar.

Legg ved dokumentasjon frå lege eller annan fagperson som bekreftar at du har ei funksjonshemming.

Ikkje eiga søknad

Det finst ikkje nokon eigen søknad om støtte til forseinking, og derfor må du sende oss eit brev der det kjem tydeleg fram at du søker om dette. Merk brevet "Stipend til forseinking". Hugs å skrive på fødsels- og personnummeret ditt eller kundenummeret ditt i Lånekassen.

Send brevet i posten til Lånekassen, postboks 450 Alnabru, 0614 Oslo.