Søknad om sommarstøtte ved nedsett funksjonsevne

Søk om vanleg lån og stipend først

For at du skal ha rett til stipend og lån om sommaren, må du ha vore i ei utdanning som gir rett til stipend og lån om våren same året. Det er enklare å søke om sommarstøtte om du allereie har sendt inn ein søknad om vanleg stipend og lån for vårsemesteret.

Send søknaden i posten

Send inn søknaden til
Lånekassen
Postboks 450 Alnabru
0614 Oslo

Du kan ikkje sende inn søknaden elektronisk, sidan den inneheld sensitive personopplysningar.

Behandlingstid

Saka blir behandla av ein saksbehandlar, så du må rekne med litt tid før du får svar.

 

 

Søknadsfrist

Skjemaet må ha komme inn til Lånekassen innan 15. august 2021.

Last ned skjema