Folkehøgskole

Du kan låne 112 290 kroner

Går du på folkehøgskole, får du ikkje lenger stipend slik du kanskje fekk på vidaregåande, men du får eit lån.

Du kan få eit basislån på inntil 112 290 kroner for heile året

  • 40 prosent av lånet kan bli stipend.
  • Du får ikkje lån til skolepengar.

Lån og stipend for å gå på folkehøgskole

Er du elev på ein folkehøgskole, kan du få basislån i inntil ti månader.

Kva er basislån?

Basislån er det alle studentar kan få, og er namnet på det dei fleste kallar studielån.
Du får ikkje ekstra lån til å dekke utgiftene ved linja du skal gå på, eller til reise.

Lånet er rentefritt så lenge du får lån til fulltidsutdanning

For at lånet skal vere rente- og avdragsfritt, må du få studielån til fulltidsutdanning. Når du ikkje lenger får studielån, eller går frå å studere på fulltid til deltid, blir det lagt til renter på lånet, og du må begynne å betale.

Når kan du søke

Du må ha fått plass før du søker, og du kan tidlegast søke i midten av mai. Siste frist for å søke er

  • 15. november for heile året eller berre haustsemesteret
  • 15. mars for vårsemesteret

Behandlingstid

Dei aller fleste søknadene blir behandla i løpet av eit døgn, men meir kompliserte saker kan ta lang tid å behandle. Pass på å søke så tidleg som råd, slik at du har pengane på konto når semesteret begynner.

Gå til søknaden

Deltid eller kortare studieår?

Du får
mindre lån
dersom du studerer på deltid.

Dei fleste elevar på folkehøgskole tar heilårskurs på fulltid. Dersom du skal ta eit kortare kurs på fulltid, får du vanleg basislån for dei månadene kurset varer. Skal du ta eit kurs på deltid, blir basislånet redusert tilsvarande deltidsprosenten din. Dermed blir stipendet også redusert.

Når får eg pengane?

Du får større
utbetalingar i
august og januar

Du får større utbetalingar i august og januar.

Den første utbetalinga i skoleåret kjem når skolen har stadfesta at du har begynt der.

Du får utbetalt eit større beløp i starten av kvart semester enn i dei andre månadene. 40 prosent av støttebeløpet kvart semester blir utbetalt den første månaden.

Pengane blir utbetalte den 15. i kvar månad, unntatt den første utbetalinga

Du tar opp lån når du går på folkehøgskole

Du får ikkje stipend på same måten som på vidaregåande, men inntil 40 prosent av lånet kan bli stipend seinare.

Når du går på folkehøgskole, får du lån og stipend etter dei same reglane som gjeld for høgare utdanning. Det er nokre forskjellar frå det å få stipend til vidaregåande, som det kan vere greitt å vite om.

Du må betale tilbake lånet når du er ferdig med utdanninga

Når du ikkje lenger får lån til fulltidsutdanning, får du ein betalingsplan og må begynne å betale avdrag. Den første rekninga skal betalast omtrent sju månader etter den siste utbetalinga frå oss.

Lånet er rentefritt berre så lenge du får lån eller stipend til fulltidsutdanning.

40 prosent av basislånet kan bli stipend.

Fullfører du skoleåret og har inntekt og formue under grensene, blir 40 prosent av lånet gjort om til stipend. Det betyr at du ikkje treng å betale det tilbake. Du får eit eige vedtak frå oss når lånet blir gjort om.

Bur du heime hos foreldra dine, får du ikkje stipend.

Det er berre bortebuarar som kan få gjort om lån til stipend. Dersom du bur på internat, reknar vi deg som bortebuar.

Omgjeringa skjer først året etter at du er ferdig.

Lånet blir ikkje gjort om til stipend før vi har kontrollert inntekta og formuen din. Det gjer vi først når skattefastsettinga di er klar for året eller åra du fekk lånet frå oss.
Det betyr at dersom du er ferdig med eit år på folkehøgskole våren 2020, får du ikkje gjort om lån til stipend før våren/sommaren 2021.

Les meir om omgjering av basislån

Ekstra stipend og lån

Har du barn, blir sjuk eller har nedsett funksjonsevne, kan du få ekstra stipend og/eller lån frå oss.

Kva du kan få, kjem an på kva livssituasjon du er i.

Aktuelt regelverk