Søknad for folkehøgskole

Dette søker du om

I søknaden søker du om basislån og eventuelt skolepengelån. Du kan velje å søke om berre den delen av basislånet som kan bli gjort om til stipend, eller heile lånet.

Søknaden gjeld også for andre stipend og lån som berre somme har krav på. Dette er barnestipend, tilleggslån og flyktningstipend.

Det er eigne søknader for foreldrestipend og for tilleggsstipend ved nedsett funksjonsevne.

Du kan berre få lån til folkehøgskole i to år

I utgangspunktet kan du få lån og stipend frå Lånekassen i til saman åtte år, men det er eit unntak for folkehøgskolar.

Dokumentasjon

I dei fleste tilfelle krevst det ikkje dokumentasjon for studium i Noreg. Må du likevel sende inn dokumentasjon, får du beskjed om det i søknaden. Har du ikkje dokumentasjonen klar når du søker, kan du ettersende den.

Behandlingstid

Du får svar, eller beskjed om status for søknaden, innan 24 timar.

Søknaden er ikkje synleg på Dine sider med éin gong, men så lenge du har fått kvittering, har vi fått søknaden din. På Dine sider får du også informasjon om anslått behandlingstid for søknaden din.

Gå til søknaden