Forkurs og sommarkurs i Noreg

Gjeld deg som skal ta forkurs eller sommerkurs i Noreg

Inntil 31 438 i lån og stipend

Du kan få stipend og lån i inntil 2 månader dersom: 

  • undervisning eller praksis skjer i sommarterminen
  • kurset er ein del av utdanningsprogrammet ditt
  • undervisningsopplegget varar i minst to veker
  • du er registrert som fulltidsstudent

Lån og stipend til sommarkurs

Til enkelte sommarkurs kan du få lån og stipend.

Basislån i inntil 2 månader

Du kan få basislån i inntil 2 månader for å ta sommarkurs. Basislån er det alle studentar kan få, og det dei fleste kallar studielån. Sommaren 2021 er basislånet 11 229 kroner per månad, og du kan berre få lån for den perioden kurset varar. Dersom du allereie har fått basislån i 11 månader, får du berre for 1 månad.

Har du barn eller nedsett funksjonsevne vil du få stipend for dette i den same perioden.

Tilleggslån i inntil 2 månader

Tar du eit sommarkurs som er godkjent som ein sommartermin ved eit universitet eller ein høgskole i Noreg, kan du i tillegg få eit ekstra lån på inntil 4 788 kroner per månad sommaren 2021.

Feltarbeid om sommaren

For å få støtte til feltarbeid må du legge ved dokumentasjon frå rettleiaren din som viser at det er nødvendig at feltarbeidet skjer om sommaren. Det gjeld ved fag som biologi, geologi og arkeologi.

Støtte til studier som ikkje er eit godkjent sommarkurs

Du kan søke om lån og stipend om semesteret ditt blir forlenga med minst to veker etter 15. juni. Du kan ha rett til stipend og lån dersom det er fastsett i utdanningsprogrammet ditt at undervisninga må skje i sommarterminen, eller om du kan dokumentere at du sparer inn på normert studietid.

For å søke om dette må du sende eit brev til oss. Legg ved dokumentasjon frå lærestaden din som viser at undervisninga er fastsett i utdanningsprogrammet ditt, eller at du sparer inn på normert studietid.

Slik søker du om lån til sommarkurs

Du må søke før kurset er avslutta, og du skal bruke søknaden for undervisningsåret som blir avslutta den sommaren du skal ta kurset.

Gå til søkanden

Ekstra stipend og lån

Har du barn, blir sjuk eller har nedsett funksjonsevne, kan du få ekstra stipend og/eller lån frå oss.

Kva du kan få, kjem an på kva livssituasjon du er i.

Omgjering frå lån til stipend

40 prosent av basislånet kan bli stipend

Fullfører du kurset og har inntekt og formue under grensene, blir 40 prosent av lånet gjort om til stipend. Det betyr at du ikkje treng å betale det tilbake. Du får eit eige vedtak frå oss når lånet blir gjort om.

Tilleggslånet blir ikke omgjort til stipend

Det du får i tilleggslån må betalast tilbake.

Bur du heime hos foreldra dine, får du ikkje stipend

Det er berre bortebuarar som kan få gjort om lån til stipend. 

Omgjeringa skjer først året etter at du er ferdig

Lånet blir ikkje gjort om til stipend før vi har kontrollert inntekta og formuen din. Det gjer vi først når skattefastsettinga di er klar for året eller åra du fekk lånet frå oss.

Det betyr at dersom hvis sommerkurset er sommeren 2020, får du ikkje gjort om lån til stipend før våren/sommaren 2021.

Les meir om omgjering av basislån til stipend

Aktuelt regelverk