Søknad om lån og stipend til forkurs og sommarkurs i Noreg

Dette søker du om

I søknaden søker du om basislån og eventuelt skolepengelån. Du kan velje å søke om berre den delen av basislånet som kan bli gjort om til stipend, eller heile lånet.

Søknaden gjeld også for andre stipend og lån som berre somme har krav på. Dette er barnestipend, tilleggslån og flyktningstipend.

Det er eigne søknader for foreldrestipend og for tilleggsstipend ved nedsett funksjonsevne.

Finn du ikkje sommarkurset ditt?

Dersom du ikkje finn sommarkurset ditt i søknaden, må du sende oss eit brev med søknad. Legg ved dokumentasjon frå lærestaden din som viser at undervisninga er fastsette i utdanningsprogrammet ditt, eller at du sparer inn på normert studietid.

Dokumentasjon

I dei fleste tilfella krev vi ikkje dokumentasjon for sommarkurs i Noreg. For å få lån og stipend til feltarbeid må du legge ved dokumentasjon frå rettleiaren din som viser at det er nødvendig at feltarbeidet skjer om sommaren

Har du ikkje dokumentasjonen klar no, kan du ettersende den.

Du kan ikkje søke no

Søknadsfristen for 2020 er forbi. Søknaden for sommeren 2021 åpnar seinere.