Trafikkflygar

Dersom du tar privat trafikkflygarutdanning i Noreg som er offentleg godkjend, kan du få ekstra lån dersom du må betale høge skolepengar.

Flygarutdanning er som regel ei fagskole- eller bachelorutdanning. Gå til sidene for fagskole eller universitet og høgskole for å berekne kor mykje lån og stipend du kan få.

I tillegg kan du få eit ekstralån til skolepengar på inntil 369 605 kroner per studieår. Du kan få ekstralånet i maksimalt to år, men du kan ikkje få meir enn det du faktisk betaler i skolepengar.

Skal du ta flygarutdanning i Luftforsvaret, får du ikkje lån og stipend, fordi du får lønn under utdanninga.

Det er ikkje ein eigen søknad om ekstralånet, du søker automatisk om det dersom du vel stipend og maksimalt lån i den vanlege nettsøknaden og tar ei godkjend trafikkflygarutdanning

Gå til søknaden