Yrkessjåfør

Kor mykje kan eg få?

Du kan få

  • inntil 15 721 kroner i basislån
  • inntil 107 364 kroner i skolepengelån

Bussjåfør eller lastebilsjåfør

Du kan få lån og stipend dersom du tar utdanning som bussjåfør eller lastebilsjåfør ved ein trafikkskole som er godkjend av Lånekassen

Du kan få lån og stipend til fem vekers utdanning som yrkessjåfør

Dersom du berre skal ta grunnutdanninga på 140 timar, kan du få basislån for fem veker. Det utgjer 13 101 kroner totalt.

Du kan få lån og stipend for ei ekstra veke dersom du tar både grunnutdanning og førarkort

Dersom du skal ta både grunnutdanninga på 140 timar og førarkort i klasse C, CE eller D, kan du få basislån for til saman seks veker. Det utgjer 15 721 kroner totalt.

Du kan ikkje få lån og stipend dersom du berre skal ta førarkort.

Du kan berre få stipend og lån til førarkort dersom du tar det i samband med grunnutdanninga. Du må starte på eller ta førarkort innan 12 månader etter at grunnkurset startar.

Du kan få skolepengelån til å dekke utgiftene til kurset

Du kan låne inntil 107 364 kroner for å dekke utgifter til skolepengar eller kursavgift.

Søk når du har fått plass

Du må ha fått plass før du søker, og pengane blir utbetalte når skolen har stadfesta at du har starta på grunnutdanninga. Du må søke før du er ferdig med kurset. Unntaka er dersom kurset ditt startar før 1. november og blir avslutta etter 15. november, då må du søke før 15. november. Og startar kurset ditt før 1. mars og blir avslutta etter 15. mars, må du søke før 15. mars.

Gå til søknaden

Har du barn?

Du kan få ekstra
stipend og lån
om du har eller får barn

Dersom du har barn medan du studerer, kan du få meir stipend og lån.

Foreldrestipend ved fødsel eller adopsjon

Får du barn medan du studerer, kan du få gjort om basislån og skolepengelån til stipend i inntil 49 veker.

Barnestipend

Dersom du har barn under 16 år, kan du få ekstra stipend. Har du fleire barn, får du meir stipend. Barnestipendet blir behovsprøvd, det betyr at beløpet blir mindre om familien har inntekt eller formue over grensene i forskrifta. Dersom du studerer på deltid, får du også eit lågare beløp.

Tilleggslån

Du kan også låne 50 000 kroner ekstra i året når du har barn under 16 år, avgrensa til 100 000 kroner til saman. Inntekt og formue har inga betydning for om du kan få tilleggslån. Men dersom du studerer på deltid, får du tilbod om å låne eit mindre beløp.

Les meir om barn og fødsel

Lånet må betalast tilbake

Mesteparten av lånet må betalast tilbake, men ein del kan bli gjort om til stipend.

Heile det lånet du har fått for å dekke kursavgifta, må du betale tilbake, men inntil 40 prosent av basislånet kan bli gjort om til stipend dersom du består utdanninga. Stipend er pengar du ikkje treng å betale tilbake. For å få lån gjort om til stipend må du også ha inntekt og formue under grensene, og du må bu borte. Bur du heime hos foreldra dine, får du ikkje omgjort lån til stipend.

Skolen må rapportere at du har fullført utdanninga

Når du har fullført utdanninga og fått førarkort som viser at du har oppnådd yrkessjåførkompetanse, må du ta kontakt med trafikkskolen din og be dei rapportere bestått utdanning til Lånekassen.

Omgjeringa skjer først året etter at du er ferdig.

Lånet blir ikkje gjort om til stipend før vi har kontrollert inntekta di og formuen din. Det gjer vi først når skattefastsettinga di er klar for det året eller dei åra du fekk lån frå oss.
Inntektsgrense

Dersom du tener meir enn inntektsgrensa for utdanning under sju månader, får du mindre omgjort til stipend.

Les meir om inntekt og formue

Aktuelt regelverk