Søknad for yrkessjåførutdanning

Dette søker du om

I søknaden søker du om basislån og skolepengelån. Du kan velje å søke om berre den delen av lånet som kan bli gjort om til stipend, eller heile lånet.

Dersom du har krav på barnestipend, søker du også om dette i søknaden. Foreldrestipend og tilleggsstipend ved nedsett funksjonsevne har eigne søknader.

 

Dette vel du i søknaden

Dersom du skal bli bussjåfør, vel du enten"140 t grunnutdanning, persontransport" eller "Førarkort kl D + 140 t grunnutdanning, persontransport"

Dersom du skal bli lastebilsjåfør, vel du enten «140 t grunnutdanning, godtransport" eller "Førarkort kl C/CE + 140 t grunnutdanning, godstransport"

Finn du ikkje skolen, er den ikkje godkjend for støtte frå Lånekassen.

Må du bu hos foreldre på grunn av korona?

Dersom du må bu hos foreldra dine på grunn av koronasituasjonen, sjølv om du hadde tenkt å flytte for deg sjølv, skal du svare at du ikkje bur saman med foreldra dine når du søker om lån og stipend.

Behandlingstid

Etter at du har sendt inn søknaden, kan det hende at du ikkje ser med ein gong at søknaden er registrert. Men har du fått kvittering, så har vi fått søknaden. Du får svar eller status på søknaden innan 24 timar.

Gå til søknaden