Vidaregåande skole

Gjeld for deg som har ungdomsrett

Veileder utstyrsstipend

Har familien din særleg svak økonomi?

Har foreldra dine svært låg inntekt, kan du ha rett til meir stipend.

Tener foreldra dine meir enn 700 480 samla, får du ikkje inntektsavhengig stipend uansett familiesituasjon. Dersom du har færre enn tre søsken, eller dersom ein av foreldra din har ny sambuar eller ektefelle, er grensa lågare.

Skal du bu borte frå foreldra dine?

Dersom du ikkje bur heime medan du går på vidaregåande skole, kan du i nokre tilfelle få bortebuarstipend:

  • det er meir enn 40 km mellom heim og skole, eller
  • du bruker meir enn tre timar om dagen på å reise til og frå skolen , eller
  • det er særlege forhold i heimen som gjer at du ikkje kan bu der
Tre elever som snakker

Elev i Noreg

Alle som går på vidaregåande skole, kan få stipend frå Lånekassen.

Dei fleste får berre utstyrsstipend, men nokre får også bortebuarstipend og inntektsavhengig stipend.

Stipend skal ikkje betalast tilbake

Stipend er ikkje det same som studielån, som studentar i høgare utdanning får. Stipend er pengar du får og ikkje må betale tilbake.

Unntaket er dersom du får utbetalt meir stipend enn du har rett til. Då må du betale tilbake det du har fått for mykje. Det kan for eksempel skje dersom du sluttar midt i skoleåret.

Vanlege stipend

Utstyrsstipendet skal bidra til å dekke det du treng av utstyr på den linja du tar, som for eksempel PC eller kokkeklede. Kor mykje du får, er avhengig av kva linje du tar. Alle har krav på stipendet, men du må hugse å søke.
Det finst også stipend for deg som ikkje kan bu heime, har lang reiseveg til skolen eller kjem frå ein familie med låg inntekt. Du må oppfylle visse vilkår for å få slike stipend.

Ungdomsrett

Dei fleste som tar vanleg vidaregåande skole etter ungdomsskolen, har ungdomsrett.

Søknadsfrist

Du må ha ein skoleplass før du søkar. Det er same fristar for alle stipenda:

  • 15. november for heile året eller berre haustsemesteret
  • 15. mars for vårsemesteret
Gå til søknaden

Skal du betale skolepengar?

Du kan låne inntil
27 794 kroner
per år

Dersom du skal gå på ein privat vidaregåande skole der du må betale skolepengar, kan du få eit skolepengelån.

Du kan få lånet uavhengig av kor mykje foreldra dine tener, men dersom andre betaler hele eller delar av skolepengane for deg, må du gi oss beskjed om det.

Dette er eit lån som du må betale tilbake.

Slik søker du

Det er ikkje ein eigen søknad om skolepengelån. Dersom du skal gå på ein skole der du må betale skolepengar, blir du spurt om du vil ha lån til skolepengar i den vanlege søknaden for stipend og lån.

Internasjonale skolar

Skal du gå på ein internasjonal skole, kan du få stipend til delvis dekning av skolepengar. Stipendet er på inntil 85 prosent av skolepengane, men du kan maksimalt få 96 619 kroner i året. Skolen må stadfeste at du betaler skolepengar.

Gå til søknaden om stipend til delvis dekning av skolepengar ved internasjonale skolar.

 

Bur foreldra dine langt unna skolen?

Avstand Stipend
130 km 242 kroner
350 km 2 448 kroner
700 km 4 611 kroner

Bur du borte og det er lang reiseveg mellom der foreldra dine bur og skolen, kan du få reisestipend. Ovanfor ser du nokre døme på kor stort reisestipend du kan få for eit heilt år.

Kor stort reisestipend du får, kjem an på kor mange kilometer det er mellom der foreldra dine bur, og skolen din.

Satsar i 2020–2021

  • 1,86 kroner per kilometer for dei første 300 kilometerane
  • 1,03 kroner per kilometer for dei neste 301-1500 kilometerane
  • 0,37 kroner per kilometer for kilometer over 1500

Du får støtte til tre tur-retur-reiser i året, men vi trekker frå ein eigendel på 1 209 kroner totalt.

Kva skal reisestipendet dekke?

Reisestipend er eit tilskott til deg med lang reiseveg. Det er ikkje meint å dekke alle dei faktiske reiseutgiftene du har, eller å dekke kostnadene du har ved å reise til og frå skolen.

Slik søker du

Det er ikkje ein eigen søknad om reisestipend. Når du søker om vanleg stipend og kryssar av for at du bur borte, sjekkar vi om du har krav på reisestipend.

 

Er du over 18 år og vil ta opp lån?

Du kan låne inntil
3 323 kroner
per månad dersom du bur borte

Dersom du er over 18 år og ikkje bur saman med foreldra dine, kan du låne inntil 3 323 kroner i månaden.

Lånet blir ikkje behovsprøvd mot inntekt. Det betyr at du kan få lånet uavhengig av kor mykje du eller foreldra dine tener.

Lånet må betalast tilbake

Dette er eit lån som du må betale tilbake. Når du ikkje lenger får stipend og lån frå Lånekassen, blir det lagt til renter på lånet, og du må betale tilbake. Du må betale heile lånet pluss renter, men du betaler ned i månadlege avdrag.

Slik søker du

Det er ikkje ein eigen søknad om lån. Når du søker om vanleg stipend og kryssar av for at du bur borte, får du spørsmål om du vil søke om lån også.

Er du flyktning?
Les om stipend til flyktningar

Aktuelt regelverk