Vidaregåande skole utan ungdomsrett

Vgs uten ungdomsrett

Vidaregåande skole utan ungdomsrett

Tek du på vidaregåande skole utan ungdomsrett, får du lån og stipend etter reglane for høgare utdanning.

Når du ikkje lengre har ungdomsrett får du ikkje stipend på same måten som på vanleg vidaregåande, men at du tar opp eit lån.

Du får basislån, og skolepengelån dersom du må betale skolepengar. Basislånet er eit lån, ikkje eit stipend, men inntil 40 prosent av dette lånet kan bli gjort om til stipend dersom du ikkje bur saman med foreldra dine, du består utdanninga di og har inntekt og formue under grensene.

Du kan få lån og stipend i åtte år

Du kan få lån og stipend i totalt åtte år til utdanning du tar utan ungdomsrett. Lån og stipend til vidaregåande skole utan ungdomsrett vil telje med i dei åtte åra. Det gjeld også om du studerer på deltid, eller du ikkje søker om maksimalt lån.

Søknadsfristar

Du må ha ein skoleplass før du søker, og du kan tidlegast søke i midten av mai. Siste frist for å søke er

  • 15. november for heile året eller berre haustsemesteret
  • 15. mars for vårsemesteret

Behandlingstid

Dei aller fleste søknadane blir behandla i løpet av eit døgn, men meir kompliserte saker kan det ta lang tid å behandle. Pass på å søke så tidleg som mogleg, slik at du har pengane første utbetaling på konto når semesteret begynner.

Lånet er rentefritt så lenge du får lån til fulltidsutdanning

For at lånet skal vere rente- og avdragsfritt, må du få studielån til fulltidsutdanning. Når du ikkje lenger får studielån, eller går frå å studere på fulltid til deltid, blir det lagt til renter på lånet, og du må begynne å betale. Det tar cirka sju månader frå du sist fekk studielån frå oss, til du får den første rekninga.

Gå til søknaden

Er du over 30 år?

Du kan søke om inntil
50 000 kroner
i tilleggslån per studieår

Du kan låne inntil 50 000 kroner ekstra i året dersom du tar fulltidsutdanning. Tar du utdanning på deltid, kan du låne eit mindre beløpblir det maksimale beløpet du kan låne redusert ut fra deltidsprosenten din. Du kan låne 100 000 kroner til saman, og du kan velje kor mange år du vil fordele lånet over. Du søker om lånet i den same søknaden som for vanleg lån og stipend.

Lånet kan ikkje kombinerast med tilleggslån for dei som har barn.

Les mer om tilleggslån

Har du nedsett funksjonsevne?

Du kan søke om
ekstra stipend
om du ikkje kan jobbe ved sidan av

Dersom du har nedsett funksjonsevne som gjer at du ikkje kan jobbe ved sidan av utdanninga kan du få eit tilleggsstipend på 3 834 kroner i månaden.

Du kan også få stipend og lån om sommaren om du ikkje kan jobbe i sommarferien. Ein fagspesialist må bekrefte at du har nedsett funksjonsevne.

Du søker om lån og stipend ved nedsett funksjonsevne på eit eige skjema.

Les meir om nedsett funksjonsevne

Har du barn?

Du kan få ekstra
stipend og lån
hvis du har eller får barn

Dersom du har barn medan du studerer, kan du få meir stipend og lån.

Foreldrestipend ved fødsel eller adopsjon

Får du barn medan du studerer, kan du få gjort om basislån og skolepengelån til stipend i inntil 49 veker.

Barnestipend

Dersom du har barn under 16 år, kan du få ekstra stipend. Har du fleire barn, får du meir stipend. Barnestipendet blir behovsprøvd, det betyr at beløpet blir mindre om familien har inntekt eller formue over grensene i forskrifta.

Tilleggslån

Du kan også låne 50 000 kroner ekstra i året når du har barn under 16 år, avgrensa til 100 000 kroner til saman. Inntekt og formue har inga betydning for om du kan få tilleggslån.

Les meir om barn og fødsel

Er du flyktning?
Les om stipend til flyktningar
Inntektsgrensa er
188 509
for 2020

Kor mykje kan eg tene?

For å få fullt stipend kan du ikkje tene meir enn 188 509 kroner, dersom du har fått stipend og lån for heile året.

For å få gjort om lån til stipend må du bestå dei faga du fekk støtte til å ta.

I tillegg til at du må bestå utdanninga di, er det også eit krav om å ikkje tene for mykje.
Merk at inntektsgrensene gjeld for kalenderåret og ikkje studieåret. Får du støtte for berre eitt semester, er grensa høgare.

Du mister ikkje heile stipendet om du har inntekt litt over grensa, men vi reduserer det gradvis etter kor stor inntekt du har hatt.

Vi ser også på trygd og formue.

Formue og trygdeinntekter kan også påverke kor mykje av basislånet som kan bli til stipend.

Les meir om inntekt og formue

Når ting skjer

Når noko skjer i livet ditt eller i skolekvardagen din, kan det ha konsekvensar for kva du kan få frå Lånekassen, enten no eller i framtida.

Aktuelt regelverk