Omgjering

Du må bu borte frå foreldra dine for å få basislån gjort om til stipend.

Omgjoring basislan

Tre vilkår for omgjering

Basislånet består av eit ordinært lån og eit omgjeringslån som seinare kan bli gjort om til stipend. Det er tre vilkår som avgjer om du får gjort om lån til stipend:

  • at du er bortebuar
  • at du består utdanning
  • at inntekt og formue er lågare enn grensene

Omgjering

Det vanlege studielånet som alle får, blir kalla basislån. Opptil 40 prosent av basislånet kan bli til stipend.

Du får berre omgjort lån for dei periodane du bur borte

Du kan ikkje få gjort om lån til stipend for periodar du har budd heime hos foreldra dine. Når du søker om lån, oppgir du om du skal bu heime eller borte medan du studerer. Er du gift eller har barn du bur saman med, behandlar vi deg som bortebuar, sjølv om du bur hos foreldra dine.

Du treng ikkje å endre adresse i folkeregisteret, men du kan bli bedt om å dokumentere at du faktisk har vore bortebuar.

Du må bestå utdanninga

For å få full omgjering må du bestå like mange studiepoeng som du har fått lån til å ta. For ein del utdanningar er det nok å bestå eksamen eller kurset, men går du på eit universitet eller ein høgskole, må du fullføre ein heil grad for å få full omgjering.
Dersom du blir forseinka, for eksempel fordi du stryk på éin eller fleire eksamenar, får du ikkje gjort om lån til stipend for dei faga du ikkje har bestått. Du kan likevel få omgjering om du hentar inn forseinkinga seinare.

Du må ikkje ha for høg inntekt eller formue

Inntekta og formuen din er også med på å avgjere kor mykje av basislånet som kan bli gjort om til stipend. Vi bruker tal frå fastsettinga, som vi får frå skatteetaten. Fastsettinga gjeld for kalenderåret, og derfor gjer vi om lån til stipend for eitt og eitt kalenderår, ikkje for kvart studieår.

Du får eit vedtaksbrev når vi har sjekka inntekt og formue, og når vi gjer om lån til stipend.

Logg inn for oversikt over omgjeringa di

Kor mykje kan eg tene?

I 2020 er grensa
188 509
når du får stipend og lån heile året

Får du stipend og lån heile året, får du ikkje fullt stipend hvis inntekta di er over 188 509 kroner. Har du fått støtte frå Lånekassen i mindre enn sju månader av året, er inntektsgrensa på 471 270 kroner.

Se inntektsgrenser for tidlegare år.

Gradvis reduksjon av stipend

Du mister ikkje heile stipendet dersom du tener berre litt over grensa, men stipendet blir gradvis redusert etter kor høg inntekt du har hatt.

Kor stor formue kan eg ha?

I 2020 er grensa
428 862
for ugifte

Har du høgare formue enn 428 862 kroner, får du ikkje fullt stipend. Men du mister ikkje heile stipendet om formuen din berre er litt høgare enn grensa, fordi vi reduserer stipendet gradvis.

Vi bruker nettoformuen som er oppgitt i fastsettinga di.

Se formuegrenser for tidlegare år.

Formuesgrense for gifte

Er du gift eller har sambuar du har felles barn med, ser vi på den felles formuen som du og ektefellen/sambuaren din har. Grensa i 2020 er på 826 633 kroner.

Trygd blir også rekna som inntekt

I 2020 er grensa
100 863
for deg som studerer heile året.

Hvis du får lån og stipend heile året og samtidig har trygd over 100 863 kroner, får du mindre stipend. Har du fått lån og stipend frå Lånekassen i sju månader eller mindre av kalenderåret, er grensa på 282 761 kroner.

Se grenser for tidlegare år.

Merk at det ikkje er alle trygde- og pensjonsytingar som er omfatta av den låge inntektsgrensa. Nokre trygdeytingar, som foreldrepengar og sjukepengar, har same grense som arbeidsinntekt, medan andre skattefrie ytingar ikkje blir rekna med i det heile tatt.

Inntekt og basislån

Du mister ikkje heile stipendet dersom du tener berre litt over grensa.

Har du meir enn 188 509 kroner i inntekt i 2020, får du ikkje fullt stipend. Men du mister ikkje heile stipendet sjølv om du tener litt over grensa. Stipendet blir gradvis redusert etter kor høg inntekt du har hatt. Kva for beløp stipendet ditt blir redusert med, kjem an på kor stort basislån du har fått, og kor høg inntekt du har hatt.

Rekn ut sjølv

For å finne ut kor mykje stipendet ditt blir redusert, kan du bruke denne formelen: Inntekt over beløpsgrensa x 5 prosent x Tal på månader med støtte = Reduksjon i stipendet.

Les meir om inntekt og formue

Aktuelt regelverk