Sjukdom

Blir du sjuk i meir enn to veker medan du studerer, kan du få sjukestipend.

Vilkår for sjukestipend

  • Du må ha vore sjuk i meir enn to veker
  • Du må ha vore minst 50 prosent sjuk
  • Du kan ikkje få arbeidsavklaringspengar frå Nav samtidig

Du må ha søkt om vanleg lån og stipend før du blei sjuk

Sjukestipend vil seie at lånet ditt blir gjort om til stipend for den perioden du er sjuk. I den perioden du får sjukestipend, reknar vi deg heller ikkje som forseinka om du stryk på eksamen.

Får du sjukepengar frå arbeidsgivar eller Nav, får du mindre eller ingenting i sjukestipend.

Du må ha vore sjuk i meir enn to veker

Du får ikkje sjukestipend for dei to første vekene du er sjuk. Derfor får du sjukestipend først frå dag 15 av sjukdomsperioden. Du kan maksimalt få sjukestipend i 4 månader og 15 dagar i løpet av eit studieår.

Du må ha vore minst 50 prosent sjuk

Du kan få sjukestipend sjølv om du har vore i stand til å studere litt i løpet av sjukdomsperioden. Kravet er at du må ha vore minst 50 prosent studieufør. Ein lege, eller ein annan med rett til å skrive ut sjukmelding, må bekrefte at du har vore minst 50 prosent studieufør for at du skal få sjukestipend.

Blei du sjuk på eksamen?

Dersom du ikkje har vore sjuk lenge nok til å få sjukestipend, men var sjuk då du skulle tatt eksamen, bør du sende inn ein legeattest som viser det. Då reknar vi deg ikkje som forseinka i utdanninga, sjølv om du ikkje bestod mange nok studiepoeng.

Gå til søknaden