Søknad om sjukestipend

Søk om vanleg lån og stipend først

Du må vere i ei utdanning som gir rett til stipend og lån, Søk om vanleg lån og stipend før du søker. 

Søk når du er frisk igjen

Vi gir som regel ikkje sjukestipend framover i tid. Derfor må du vente til du er frisk igjen, eller til studieåret er over, før du søker.

Lånekassen må ha mottatt søknaden om sjukestipend innan seks månader etter at studieåret eller kurset er avslutta.

Send søknaden i posten

Send inn søknaden til
Lånekassen
Postboks 450 Alnabru
0614 Oslo

Du kan ikkje sende inn søknaden elektronisk, sidan den inneheld sensitive personopplysningar.

Behandlingstid

Saka blir behandla av ein saksbehandlar, så du må rekne med litt tid før du får svar.

 

 

Last ned søknadsskjema