Tilleggslån

Når du har barn, eller er over 30 år, kan du få tilleggslån frå Lånekassen.
Inntil
100 000
i året

Tilleggslån for deg som er 30 år eller eldre

Du kan få tilleggslån dersom du tar universitets- eller høgskoleutdanning, fagskole eller vidaregåande skole, og er 30 år eller eldre.

Frå og med det året du fyller 30 år, kan du låne inntil 100 000 kroner i året i tillegg til andre lån og stipend, dersom du tar fagskole, universitets- eller høgskoleutdanning. Du må anten ha fylt 30 år når studieåret startar om hausten, eller fylle 30 år seinst 31. desember same år. Tar du vidaregåande opplæring, kan du låne inntil 50 000 kroner i året.

Tar du andre utdanningar, kan du ikkje få dette lånet.

Det årlege maksimalbeløpet gjeld for fulltidsutdanning. Studerer du på deltid, blir beløpet redusert. Kor mykje du får når du studerer på deltid, avheng av kor mange studiepoeng eller årstimar du tar.

Kor mykje kan du låne til saman?

Tilleggslånet er avgrensa til 200 000 kroner til saman over fleire år for utdanning ved fagskole, universitet og høgskole, og 100 000 kroner til saman for vidaregåande opplæring.

Lånet kan ikkje kombinerast med tilleggslån for deg som har barn.
Tilleggslånet kan ikkje bli gjort om til stipend, med unntak av sjukestipend.

Inntil
50 000
i året

Tilleggslån for deg som har barn

Du kan låne inntil 50 000 kroner i året i tillegg til andre lån og stipend, men avgrensa til 100 000 kroner til saman for dei åra du får lånet.

Barnet må vere under 16 år, altså fødd i 2005 eller seinare, og må bu hos deg minst 40 prosent av tida. Dei einaste som ikkje kan få dette lånet, er vaksne som tar grunnskole, og elevar under 18 år.

Det årlege maksimalbeløpet gjeld for fulltidsutdanning. Studerer du på deltid, blir beløpet redusert. Kor mykje du får når du studerer på deltid, avheng av kor mange studiepoeng eller årstimar du tar.

Kor mykje kan du låne til saman?

Du kan låne til saman 100 000 kroner som tilleggslån enten du studerer på fulltid eller deltid. Den øvre grensa er den same, uavhengig av kor mange år du vel å fordele lånet på.

Lånet kan ikkje kombinerast med tilleggslån for deg over 30 år. Dersom du også har krav på dette, er det reglane for tilleggslån for låntakarar over 30 år som gjeld for deg.
Tilleggslånet kan ikkje bli gjort om til stipend, med unntak av sjukestipend.

Slik søker du om tilleggslån

Det er ikkje ein eigen søknad for tilleggslån. Når du søker om vanleg studielån og stipend, vil du få spørsmål om du vil søke om ekstra lån.