Høgare utdanning i utlandet

Heil grad og enkeltemne på eit universitet eller høgskole utanfor Norden

Veileder Helgrad utland

Dokumentasjon

Det er krav til dokumentasjon både første gang du søker om lån og stipend til ei utdanning, og undervegs i ei gradsutdanning.

Studere i utlandet

Lånekassen tilbyr lån og stipend til deg som skal ta ein heil grad eller enkeltemne i utlandet.

Søknadsfristar

Du må ha ein studieplass før du søker, og du kan tidlegast søke i midten av mai. Siste frist for å søke er

  • 15. november for heile året eller berre haustsemesteret
  • 15. mars for vårsemesteret

Alle studentar får basislån og reisestøtte

Dei fleste får tre forskjellige typar støtte til utdanning i utlandet. Basislån, reisestøtte og skolepengelån om du skal betale skolepengar.

Basislån kan alle studentar få, og dette er namnet på det dei fleste kallar studielån. Basislånet er eit lån, ikkje et stipend, men inntil 40 prosent av dette lånet kan bli gjort om til stipend dersom du ikkje bur saman med foreldra dine, du består utdanninga di og har inntekt og formue under grensene.

Betalar du skolepengar til universitetet, kan du få lån og stipend til dekning av det, opp til eit maksbeløp. Maksbeløpet er avhengig av kor du studerer og kor mykje du skal betale.

Les også

Ny liste over universitet som gir rett til utvida stipend i 2021-2022

Vi gir også reisestøtte som tilskot til to tur/retur- billettar til den verdsdelen du studerer i.

Du søker om lån og stipend éin gong kvart år

Du må søke om studiestøtte kvart år. Skjer det noko under studia, som at du sluttar før eksamen eller du vil byte utdanning, loggar du deg inn og melder ifrå til oss.

Kontroll av fagleg progresjon

Fordi vi ikkje får inn informasjon om beståtte eksamenar eller stadfesting på kor mykje skolepengar du har betalt frå utanlandske lærestader, må du dokumentere dette til oss kvart år.

Du får beskjed frå oss når og korleis dette skal gjerast. Du må dokumentere fagleg progresjon for at du skal få gjort om delar av lånet ditt til stipend, og for at vi skal behandle søknaden din når du søker for neste studieår.

Gjeld og nedbetaling

Lån frå Lånekassen er rente- og avdragsfritt så lenge du er student og får støtte frå oss. Når du ikkje lenger får støtte til fulltidsutdanning frå Lånekassen, blir det lagt til renter på lånet og du må begynne å betale rundt 9 månader seinare.

Gå til søknad for heil grad
Skal du studere helsefag?
Set deg inn i reglene for autorisasjon
Språkkurs
Er undervisningsspråket eit anna enn engelsk, kan du få støtte til språkkurs

Når du tar enkeltemne

Du kan få lån og stipend til å ta enkeltemne på eit universitet utanfor Norden, sjølv om du ikkje er på utveksling eller er tatt opp til ei gradsutdanning.

Du får like mykje utbetalt som heilgradsstudentar, føreset at utdanninga oppfyller krava våre.

Krav til utdanninga

  • Du må vere student på fulltid. Det vil seie at du tar fag som tilsvarer minst 30 studiepoeng per semester.
  • Alle faga må vere henta frå fagplanen til ein godkjend grad som tilbydast ved same lærestad.
  • Alle faga må minimum være på nivå med utdanning på bachelornivå i Norge.
  • Utdanning må vere stadbasert og gå føre seg på universitetet. Du kan altså ikkje få støtte til samlings- eller nettstudium.

Det inneber at du ikkje får lån og stipend til enkeltemne på nivå med det første året av ein bachelorgrad i USA og ikkje-vestlege land.

Gå til søknad for enkeltemne

Når ting skjer

Når noko skjer i livet ditt eller i studiekvardagen din, kan det ha konsekvensar for kva du kan få frå Lånekassen, enten no eller i framtida.

Omgjering av lån til stipend

Inntil 40 prosent av basislånet ditt kan bli gjort om til stipend om du består utdanninga di og avlegg ein grad.

Du må sende inn vitnemål for å få omgjering

Når du har avslutta utdanninga di i utlandet, må du sende inn ein kopi av vitnemålet ditt og offisiell eksamensutskrift, slik at vi kan gjere om lån til stipend. Send inn resultata så fort som mogleg etter du har bestått utdanninga.

Dersom du har fått lån og stipend til skolepengar, må du også sende inn dokumentasjon frå lærestaden som stadfestar at du har betalt skolepengane.

Send inn kopi av vitnemål og offisiell eksamensutskrift innan fristen

Fristen for å få omgjering for beståtte studiepoeng, er fire år tilbake i tid, rekna frå det kalenderåret vi får resultata frå deg. Tar du ein grad som er lengre enn fire år, må du derfor sende inn resultat undervegs i graden, slik at du ikkje går glipp av omgjering.

Fristen for å få omgjering for ein fullført grad er åtte år tilbake i tid, rekna frå starten av det semesteret du bestod graden.

For å kunne få omgjering for fullført grad, må det gå klart fram av dokumentasjonen kva for grad eller kvalifikasjon du har oppnådd. Dersom du har avslutta utdanninga før du har fullført ein grad, må du gi oss beskjed.

Les om dei generelle reglane for omgjering

Er du over 30 år?

Du kan søke om inntil
100 000
i tilleggslån per år

Du kan låne inntil 100 000 kroner ekstra i året dersom du studerer på fulltid, som er 60 studiepoeng per år. Tar du færre studiepoeng, får du tilbod om å låne eit mindre beløp. Du kan låne 200 000 kroner til saman, og du kan velje kor mange år du vil fordele lånet over. Du søker om lånet i den same søknaden som vanleg lån og stipend.

Lånet kan ikkje kombinerast med tilleggslån for dei som har barn.

Les meir om tilleggslån

Skal du studere ved NORGINSA?

Du kan få
20 747 kr
per år i ekstra stipend

Studerer du ved ei spesielt tilrettelagd ingeniør- og økonomiutdanning i Frankrike eller Tyskland, kan du få eit ekstra stipend.

Stipendet kjem i tillegg til vanleg støtte, og du får utbetalt halvparten per semester.

Kven kan få stipendet?

Det er berre NORGINSA, som er eit femåring masterstudium i teknologi ved ingeniørskolen INSA i Toulouse i Frankrike, som er godkjent for dette stipendet. Studiet er spesielt tilrettelagt for norske studentar.

Du kan få stipendet i inntil tre år. Tar du ei mastergradsutdanning som varer i meir enn tre år, får du stipendet i dei tre første åra du får støtte frå Lånekassen til utdanninga.

Det er Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) som administrerer opptaket til programmet, og utarbeider lista over utdanningar som gir rett til stipendet.

Slik får du stipendet

Det er ikkje ein eigen søknad om dette stipendet, men vi vurderer om du kan få det når vi behandlar søknaden din om lån og stipend.

Dokumentasjon du må legge ved søknaden

  • stadfesting på at du har generell studiekompetanse
  • kopi av opptaksbrevet frå Diku

Regelverk