Sommarkurs

Gjeld for deg som tar kurs, praksis eller feltarbeid om sommaren.
Basislån
11 229
i månaden

Lån og stipend til utdanning i utlandet om sommaren

Du kan få lån og stipend til enkelte sommarkurs, praksis eller feltarbeid om sommaren.

Kven kan få?

Du kan få lån og stipend dersom det er fastsett i utdanningsprogrammet ditt at undervisninga eller praksisen må skje om sommaren, det vil seie frå 16. juni til 15. august.

Du kan også få lån og stipend om sommaren dersom du skal ta feltarbeid som av naturgitte årsaker berre kan gjennomførast om sommaren.

Krav

Du må vere registrert som fulltidsstudent ved lærestaden, også om sommaren. Du må studere minst 10 månader per studieår i tillegg til sommarkurset, praksisen, eller feltarbeidet.

Undervisningsopplegget må vare i minst to veker. Dersom du til vanleg studerer ved ein norsk lærestad og tar sommarkurset som utveksling, er kravet at undervisningsopplegget varar i minst 4 veker.

Dette kan du få

Du kan få lån og stipend i opptil 2 månader for sommarkurs, praksis eller feltarbeid om sommaren. 

Du kan likevel ikkje få lån og stipend i meir enn 12 månader til saman. Dersom heile, eller deler av, sommarkurset overlappar med det vanlege studieåret, kan du ikkje få lån og stipend for begge utdanningane i denne perioden.

Du kan få same lån og stipend som andre studentar i utlandet når du tar sommarkurs eller praksis om sommaren.

Basislån

Alle studentar kan få basislån, og dette er det dei fleste kallar studielån. Basislånet er eit lån, men inntil 40 prosent av dette kan bli gjort om til stipend. For å få stipendet må du bestå utdanninga di, og ha inntekt og formue under grensene.

Skolepengar

Dersom du skal betale skolepengar, kan du få lån og stipend til skolepengar. Men dersom du allereie har fått maksimalt lån og stipend til skolepengar for resten av studieåret, kan du ikkje få meir lån og stipend om sommaren.

Praksis i Noreg

Dersom du studerer i utlandet til vanleg, og skal ta praksis heime i Noreg om sommaren, må du seie ifrå til oss dersom du skal bu heime hos foreldra dine i praksisperioden.

Slik søker du 

Søknadsfristen er 15. august, den sommaren du tar kurset eller praksisen. Er kurset ferdig før 15. august, må du søke innan kurset er ferdig.

Du søker ved å sende ein e-post via Dine sider. Der kan du også laste opp dokumentasjon til søknaden.  

Logg inn

Dokumentasjon når du søker

Når du skal søke om lån og stipend til sommarkurs, praksis eller feltarbeid i utlandet, må du sende inn dokumentasjon frå lærestaden.

Start- og sluttdato

Dokumentasjon som beskriv start- og sluttdato både for det ordinære studieåret og for sommarkurset/praksisen/ feltarbeidet.

Fag og credits

Dokumentasjon som beskriv kva for fag du tar i det ordinære studieåret og kva for du skal ta om sommaren. Talet credits må komme fram av dokumentasjonen.

Dersom du skal ta utveksling frå ein norsk lærestad om sommaren, må det framkomme kor mange studiepoeng du får godkjent kurset som.

Tar du praksis må du du sende inn dokumentasjon frå lærestaden som stadfestar at praksisen blir godkjent som ein obligatorisk del av graden.

Fulltid

Du må dokumentere at du er fulltidsstudent, også om sommaren.

Skolepengar

Du må legge ved dokumentasjon som viser kor mykje du har betalt i skolepengar i det ordinære studieåret, og kva du eventuelt skal betale om sommaren.

Annan stad enn ordinær studiestad

Dersom sommarkurset, praksisen eller feltarbeidet skal gjennomførast ein annan stad enn den ordinære studiestaden, må dette komme fram i dokumentasjonen frå lærestaden.

Skal du ta utveksling i utlandet om sommaren, må du dokumentere at studiet er godkjent på førehand av den norske lærestaden din.

Aktuelt regelverk