Språkkurs

Språkkurs for å kunne studere i utlandet

Du kan få stipend og/eller lån til eit førebuande språkkurs før studie i utlandet.

Kven kan få lån og stipend til språkkurs?

Du kan få lån og stipend til språkkurs både når du skal ta heile utdanninga i utlandet, og når det i samband med utvekslingsopphald.

Du kan berre få lån og stipend dersom språkkurset er meint som ei førebuing til utdanning i utlandet du er i gong med, eller planlegg å ta.

Korte og lange språkkurs

Lånekassen kan gi lån og/eller stipend til både korte og lange språkkurs. Det er likevel ulike reglar for dei korte og lange språkkursa.

Du får ikkje stipend og lån til kort og lengre språkkurs samtidig.

Språkstipend
22 164
kroner

Korte språkkurs

Dersom du skal studere i utlandet på eit anna undervisningsspråk enn engelsk, dansk eller svensk, kan du få språkstipend til eit førebuande språkkurs

Både heil grad og utveksling

Du kan få stipend til korte språkkurs enten du tar heile utdanninga i utlandet, eller om du skal på utveksling.

Krav til korte språkkurs

Kurset må vare i minst fire veker, med minimum 15 timer undervisning per veke. Det treng ikkje vere fire samanhengande veker, du kan få språkstipend til kombinasjonar av språkkurs som varer i minst fire veker til saman. 

Som hovudregel må du ta kurset i det landet du skal studere, som må vere eit land utanfor Skandinavia.

Ingen eigen søknad

Du søker om språkstipendet samtidig som du søker om vanleg lån og stipend.

Du må vere tatt opp til ei hovudutdanning som gir rett til lån og stipend frå Lånekassen. Kurset må vere på eit anna språk enn engelsk. Vi kan godta at delar av utdanningsprogrammet ditt blir undervist på engelsk.

Språkkurset må bli tatt i tillegg til dei studiepoenga du elles planlegg å ta, for at du skal kunne få språkstipend.

Du kan normalt ikkje få språkstipend til språkkurs for same språk meir enn éin gong.

Basislån
11 229
i månaden

Lengre språkkurs

Dersom du planlegger høgare utdanning i eit ikkje-engelskspråkeg land utanfor Skandinavia, kan du få lån og stipend i inntil 2 semester for å ta førebuande språkkurs.

Du kan få same lån og stipend som andre studentar i utlandet for å ta eit lengre språkkurs.

Basislån

Basislån kan alle studentar få, og dette er namnet på det dei fleste kallar studielån. Basislånet er eit lån, ikkje eit stipend, men inntil 40 prosent av dette lånet kan bli gjort om til stipend dersom du består utdanninga di og har inntekt og formue under grensene.

Andre stipend og lån

Du har også rett på lån og stipend til reiser, og til skolepenger om du må betale for det. 

Krav til lengre språkkurs

Kurset må vare i minst tre månader med minimum 15 timer undervisning per veke.

Kurset må vere på eit universitet eller ein språkskole med offentleg akkreditering. Kurset ved ein språkskole må bli avslutta med ein offisiell språkeksamen som dannar grunnlag for opptak til høgare utdanning i det aktuelle landet.

Du må planlegge å ta utdanning i det aktuelle landet

Du treng ikkje å ha opptak til vidare utdanning for å kunne søke om lån og stipend til språkkurset, men du må planlegge å ta universitets- eller høgskoleutdanning i det landet. Utdanninga du planlegg må vere godkjend for stipend og lån frå Lånekassen.

Dersom det ikkje finst godkjent språkkurs i landet du planlegg å ta utdanning i etter språkkurset, kan du ta språkkurset i eit anna land der språket er offisielt språk.

Omgjering

Inntil 40 prosent av basislånet kan bli gjort om til stipend om du består språkkurset. For at vi skal kunne gjere om basislånet til stipend må du sende oss kopi av kursbevis, stadfesting  som viser bestått eksamen-

 

Gå til søknaden

Godkjent eksamen i ulike land

I Tyskland kan du ta språkkurs ved Goethe Institut eller språkskoler som har offenleg godkjenning.

Du må avslutte opplæringen med ein av disse språktestane:

  • Goethe-Zertifikat
  • DSH (Deutsche Sprachprüfung für den Hochschulzugang)
  • TestDaF (Test Deutsch als Fremdsprache)
  • Telc (The European Language Certificates)

I Frankrike kan du ta språkkurs ved Alliance française, eller ved andre eksamenssentra for DELF og DALF som er godkjende av CIEP (Centre international d`etudes pédagogiques) eller FLE (Français langue étrangère).

Du må avslutte opplæringen med ein av disse språktestane:

  • DELF (Diplôme d`etudes en langue française)
  • DALF (Diplôme approfondi de langue française)
  • TCF (Test de connaissance du français)

I Spania må språkskolen være godkjent av Instituto Cervantes. Du må avslutte opplæringen med ein av disse språktestane: 

  • DELE (Diplomas de Español como Lengua Extranjera)
  • Selectividad

Du må gå på en språkskole som har offentlig godkjenning eller på et akkreditert eksamenssenter.

Du må avslutte opplæringen med ein av disse språktestane: 

  • CILS (Certificaziones di Italiano come Lingua Straniera)
  • CELI Conoscenza della Lingua Italiana)
  • PLIDA (Progetto Lingua Italiana Dante Alighieri)
Dokumentasjon

Relevant regelverk